HEY-O

Kom på i dag at eg har ein blogg som det er eit halvt år siden sist eg skreiv noke på. Og boy, det har skjedd ein del siden då.

 

Den største forskjellen er at eg no er singel. Eg er no 22, og bur i eit kollektiv med ei søt jente som eg kjem sjukt godt overens med. Livet er fortsatt litt turbulent og dagane flyr forbi så fort at eg ikkje hugsar kva eg gjorde for eit par dagar sidan, fordi alt er ein stor blur. Mange nye mennesker, ting som skjer heile tida, og har knapt tid til å sette meg ned og reflektere over alt. Noke som er grunnen til at eg ønsker å skrive her igjen. Ein plass å skrive ned minner, legge ut bilder og, som sagt, reflektere.
 

Då eg har fortalt mennesker at eg berre er 22, så seier dei alltid at det er den beste tida. Ein er fri til å gjere alt, og ein kan virkeleg leve livet til det fulle. Kall det ung og uansvarleg. Sjølvsagt har eg fortsatt ansvar for å møte opp på jobb og prestere så godt som eg kan, men på fritida er det andre bollar. Men då kjem eg tilbake til det at alt berre følast som ein orkan og tida flyge så fort forbi. Veit ikkje heilt kor eg vil med dette og føle eg repetere meg sjølv. Kanskje berre lufte tankane litt. Men eg har vertfall eit budskap eg vil få fram - I'm back bitches (følte meg litt som Gossip Girl der pls don't judge me lol).

Virtual hugz,
Julie.


 

THANK GOD MONDAY IS GONE,

HAPPY TUESDAY!

 

Då eg vakna i dag tidleg, så tenkte eg at fridagen min kom til å gå slik som den vanlegvis gjer; sitte i favoritt joggebuksa, game og drikke masse kaffi, men eg fekk faktisk gjort litt i dag! Eg starta dagen med ein stor kopp kaffi (sjølvsagt) og serien You're the Worst, men etter det tok eg turen til helsestasjonen for å ta HPV-vaksinen (link). Planen var eigentleg å ta den med ein gang det vart tilgjengeleg (som var 1.november), men ettersom eg hatar sprøyter, så har eg utsatt og utsatt det. MEN eg vakna i eit usedvanleg godt humør i dag, så tenkte it's today or never. Så ja, då har eg tatt første vaksinen av 3. Armen som sprøyta vart satt i er litt sleten kjenner eg, men er sjølvsagt verdt det.

Processed with VSCO with a6 preset

Processed with VSCO with a6 preset
ph: privat

 

No har eg handla inn ein vegansk middag som berre tar typ 10 minutt totalt å lage, men venter litt til med å lage den, slik at den fortsatt er heilt frisk og god til M kjem heim frå jobb. Burde eigentleg rydde leilegheita og bruke tida fornufteg, men brukar den ømme armen min som ein unnskyldning for å vere lat. Tenker å dele oppskrifta her på bloggen, men må nesten smake retten først, slik at eg veit om den er god eller ikkje, haha.



Wish me good luck!
Julie.

 

SUNDAZE

1 minutt til det ikkje er søndag lenger, så får skrive kjapt. Har ikkje vore heime sidan i går, ettersom eg var barvakt i går og sov på hotellet. Kom inn døra for 10 minutt sidan, og M har vore snill å laga fiskepinner og potetmos til "middag". No er det å slappe av framfor TV-en, ta av seg sokkane og slacke. Skal på jobb igjen i morgon (for eit spanande liv eg har!) så må legge meg om ikkje aaalt for lenge (men er fortsatt nokre timar til eg legger meg under dyna, eheh). Så til de som leser dette når eg posta innlegget får ha ei god natt, mens de som leser dette på dagtid, får ha ein finfin dag!



Take care,
Julie.



 

WASTING TIME

Noke av det eg liker beste ved å ha fri, er å berre kaste vekk dagen på å gjere alt og ingenting. Spele dataspel, subbe rundt i tjukkelabbane (ullsokker, for de som ikkje skjønte det) og kanskje rydde om eg følar for det. Har eg fri, så har eg fri, am I right? Akkurat no er det Netflix-time i den lille leilegheita vår. Vi har sett så alt for mykje på Modern Family i det siste, så no har vi bytta det ut med The Inbetweeners (midlertidig). Visst ein er glad britisk og pervers humor, og den kleine tenåringstida, så er det ein home-run.


ph: tumblr

 

I morgon er det jobb, men begynner ikkje før klokka 15:00, så kan sove lenge ♥♥♥♥ Så fram til då blir det å spele litt meir på dataen, sjå litt meir på The Inbetweeners, og så kanskje legge meg om kanskje to timar. #yolo

 

Cheers!
Julie.

UH-OH, SPAGHETTI-O'S

 

M: Valget i USA er over.
J: (i halvsøvne) Åja? Kem vant?
M: Trump.
J: .. Herregud, for ei verd vi leve i.

 

Så då er altså reality-stjernen Trump blitt valgt til president i USA. Eg, som sikkert dei aller fleste, er ganske spente på dei neste fire åra, og skal eg vere ærleg, så er eg litt glad for at Trump vant. Hillary er korrupt som berre fy (ho har gjort mykje shady shit gjennom åra) og hadde gjort mykje bak kulissane, og hugs at Trump må gjennom kongressen (som består av 535 menneskjer) for å faktisk få gjort store endringar. Han er ein bajas, og dei veit det. Eg kjem sikkert til å få hate for å skrive dette, ettersom fleirtalet ville at Hillary skulle vinne. Dette er det eg kjem til å skrive om temaet akkurat no, ettersom folk alltid blir så fired up av å snakke om politikk.



 

Til de som trenger litt oppmuntring, så anbefaler eg å lese dette intervjuet av Adele gjort av Vanity Fair. Opent, morsomt, rått og fint. Perfekt å la tankane forsvinne litt i.

 

Nyt dagen!
Julie.

HEY HEY HEY!

Hei, hugsar de meg? Det er "berre" to veker sidan sist eg skreiv noko, men det følast som om det har gått 2 år. Eg tenkjer på bloggen i ny og ne. Kva eg vil skrive. Kva eg vil dele.. Jobb tar opp så mykje av tida mi, at eg sjeldan har tid til hobbyane eg hadde før. Kameraet mitt har lege på hylla, urørt, alt for lenge. Fekk så mykje oppmuntring av nære og framande menneskjer om å fortsette med fotograferinga mi (ikkje meininga å gloate).  Eg har også lyst til å satse på modell-yrket, men føler meg ikkje bra nok. Eg har blitt flinkare til å lese bøker og tegne igjen då, så eg har det gåande for meg! Ugh. Der fekk eg sånn 2% ut. Trur eg slepper alt ut i små doser.


ph: my tumblr

 

SÅ. Eg kom heim frå jobb omtrent ein halvtime sidan. M ligger å sove, og ettersom klokka allereie er så mykje, så har eg ikkje samvittigheit til å vekkje han. Enn så lenge holder serien Fresh Meat og sjokoladeflarn meg med selskap. Trur eg legger meg når eg har ete opp heile boksen.

 

Natta!
Julie.

@ THE APARTMENT

Haha, skriver berre mindre og mindre som tida går. Løfter blir oppgitt, men aldri holdt. Trur det er displinen det står på. Skylder på det. 

Den korte veka på vestlandet var utruleg fin; vere med familie, besøke venar og gå turar. Hadde mykje av det å ta igjen, ettersom det hadde gått eit halvt år sidan sist eg besøkte heimen. No skal eg heldigvis tilbake i jula, så då blir det ikkje så alt for lenge til eg får sjå folka igjen! Og sånn forresten, eg har fått ein modelljobb! Atter ein gang skal eg vere med i årskatalogen til Nikita. Det er ikkje før om litt under ein månad, men tida går fort, og plutseleg er dagen her. Hadde det så utruleg kjekt forrige gang, og er sikker på at det blir minst like moro denne gangen! Tenke å snappe fortløpande heile dagen, så om de har lyst til å sjå korleis det forgår, så kan de følge meg på snapchat. Brukarnamnet mitt står på sidebaren (til venstre). 

 

Vi sjåast!
Julie.

WAY BACK HOME

Vanlegvis skriver eg frå sofaen i den lille leilegheita til M og meg, men DENNE gangen folkens! Denne gangen skriver eg frå vestlandet. Vi kom fram i dag tidleg, etter 9 lange timar på nattbussen frå Oslo. Bror min henta oss på bussplassen, og då vi kom heim, så hadde mamma lagd klar ein fin frukost + masse kaffi (som det virkelig var behov for). Så fram til no har vi berre kost oss i kvarandre sitt selskap. Ein kan mildt sagt sei at det er godt å vere heime i lag med familien igjen, ettersom eg ikkje har vore her på eit halvt år. M og eg skal vere her til søndag, så fram til då blir det å finne på så mykje som vi kan; gå tur på fjellet, besøke venar som eg ellers ikkje får møtt, og sjølvsagt vere med familien. Obvs. Vi er begge ganske trøtte og slitne etter å ikkje ha fått sove noke særleg i heile natt, men er bestemte for at vi skal klare å få noko ut av dagen i dag likevel.


ph: privat // fant eit gaaaamalt bilete.. trur eg var typ 16-17 år her. Var flink til å redigere då!

 

No bestemte M seg for å ta seg ein powernap. Eg skulle gjerne ha tatt ein sjølv, men stolar ikkje på at vi begge klare å stå opp slik at vi ikkje kastar vekk heile dagen på å sove, haha. Ettersom eg er i barndoms soverommet mitt, så trur eg kjem til å bruke dei neste timane på å prøve gamle klede, mimre og berre generelt rote til rommet.

 

Og der gjekk den trøtte hjernen min tom for skrivestoff.

 

Ha ein fin dag!
Julie.

 

I DON'T EVEN KNOW WHAT TO TITLE THIS

Hællæ babes! No sitter/ligger eg i godstolen, eine handa nedi chips-posen, og den andre på tastaturet. Det er over ei veke til neste gang eg skal på jobb, ettersom eg skal heim å besøke mor mi (♥) på tirsdag (for ho har nemleg bursdag på torsdag). Gleder meg så utruleg mykje til å komme tilbake til vestlandet! Oslo er fint, men ikkje på laaangt nær så fint som fine heimbygda mi. Åh, hjertet mitt bobler bare eg tenke på plassen, haha!


ph: tumblr

Om M får bytta vakta han har på mandag, så får vi reist tidligare. Har allereie nemnt det til han to ganger i dag, så forhåpentlegvis tar han hintet snart. Ei heil veke i Sunnfjord hadde vore utruleg godt, både for kropp og sjel. Så vi får sjå korleis det går. Uansett, så reiser vi seinast tirsdag. Det er ein liten sjanse for at vi må ta buss (som tar 9 timar og 30 min...............), men forhåpentlegvis tar vi fly (som tar berre 50 min!!!!!!). Spenninga er til å ta og føle på. Men, no må eg nesten forsette med å late meg. Handa har vore ute av chipsposen i 5 minutt i tillegg, og det kan vi ikkje ha noko av! Så vi skrivast i morgon.

 

God natt!
Julie.

HEI

For, tja, ei veke sidan kjøpte vi ein stasjonær data frå ein venn av M. Har alltid blogga frå MacBooken eg kjøpte då eg begynte på VGS (som er 6 år sidan.. tida flyr!), så er veldig uvant. Men change is good!



 

Vi får besøk av ein venn som skal sove her eit par dagar, så trur det var motivasjonen vi trengte for å endeleg rydde leilegheita (som det var veldig behov for). 

No må eg nesten hjelpe M med middagen, for no er besøket vårt straks utanfor døra. Kortaste innlegget evah, men får holde!



Tjallabais!
Julie.

KONSERT: T-21

I morgon skal M og eg på konsert. Eller, det er faktisk ein liten sjanse for at det blir M og ein kompis som reiser i staden for, ettersom eg gløymde heilt at konserten er i morgon - for eg er nemleg satt opp på jobb. Så med mindre eitt eller anna mirakel skjer, så går eg glipp av konserten :(:( lite kult, ettersom det er ein artist eg har vore fan av i 5-6 år.


ph: tumblr
 

In other news, så har eg fått M med på å prøve ein vegetariansk/vegansk diett! Han har gått med på å gje Oumph! sine produkt eit realt forsøk, så forhåpentlegvis smaker det godt nok (noko som eg trur det kjem til å gjere, så god tilbakemelding som det har fått). For sjølv om eg hadde blitt vegetarianar/veganar, så hadde det at M holdt på ein "normal" diett, gjort det litt vanskeligare. Så fingers crossed! Eg har allereie fått han til å bytte til soyamelk, som berre er ein brøkdel, men fortsatt ein liten seier.

 

Julie.

LUNCH @ DINNER

Like ikkje at det går meir enn to dagar utan at eg får skrevet noko her, og no har det til og med gått ei heil veke. Eg har jo til og med hatt fri (både i dag og i går), så har ingen unnskyldning, sånn sett. Å gå glipp av ein dag går fint, ein gang i blant, men går det over to, så begynner det faktisk å plage meg litt. Føler det er litt teit å seie det, men ja, når ein er ein perfeksjonist, så er det litt vanskelig å la det gå, haha.

Processed with VSCO with hb1 preset
Bilde frå då M og eg var på Dinner Bar & Restaurant i går, der vi åt crispy duck. Favoritt retten min!

∗   ∗   ∗

I dag blir det å reise på treningssenteret, ha ein god økt, for å så reise heim for å rydde leilegheita. It looks like shit. Neida. Joda. Blir godt å få rydda, for å seie det sånn. Etter at eg har vore flink og produktiv, så blir det å kaste vekk resten av dagen på sofaen, drikke cola zero, spele dataspel og å sjå på Netflix. Fint liv. Skal begynne å forberede eit innlegg om samlinga mi av koreansk kosmetikk. Har berre to produkt at the moment, så venter til eg får produkta som eg bestilte i går, som eg tipper blir om ca. ei veke.

Dette var tidenes mest uinteressante innlegg. Snakkast!

 

Julie.

 

WAKE ME UP

Når høsten kommer
og melankolien har satt seg
spiller djevelens orkester opp til dans.
En forrykende arie,
så vakker, så brutal
som om ingenting har skjedd
river stormen bort
de siste farger.

J.E. Vold


ph: alexandre_champagne

 

Likar trenden om at dikt har blitt stadig meir populært blant den yngre garde (kjente meg plutselig eit par år eldre etter at eg skreiv den setninga). Så då slenger eg meg på. I morgon er det allereie oktober, så følar diktet er ganske passande. Om berre nokre få timar skal M og eg reise til Hedmark for å spele paintball med nokre av familiemedlemmane hans + kjærastane deira på lørdag. Håpar eg får gule og/eller oransje kular, så om eg bommar litt, så får eg vertfall spre litt høststemning, haha.

Er forresten straks ferdig med å lese boka Gone Girl av Gilligan Flynn. Den eeeer sååå braaa!! Kjem til å savne å lese den for første gang.
 

 

Ha ein god helg,
Julie.

 

Nokon som skjønner referansen i tittelen forresten?

DREAMING OF:

This jacket (link)

 

Den er litt utanfor komfortsonen min, ettersom eg liker meg beste i minimale kler, gjerne i enten svart, kvitt eller grått, men eg berre fortsetter å forestille meg denne i lag med ein kul, hullete bukse med svarte boots og oppsatt hår. Nesten slik at eg berre må bestille denne når eg får neste lønning.. ♥
 

Ha ein fin dag!
Julie

SORIA'S KENDALL JENNER

Høsten har akkurat kome, det begynner å bli kaldare, og som ganske mange andre, har eg ikkje på meg varme nok klede før eg går ut. Så ja, no er eg sjuk. Ikkje så veldig moro. Denne veka jobbe eg ikkje så alt for mykje, så har litt tid på å unne meg litt sjølvpleie. Forhåpentlegvis går den tette nesa og feberen vekk ASAP (I ain't got time for this sh*t).


ph: privat
 

På søndag var eg på personalfest. Hadde det utruleg kjekt! Beer pong, dansing, quiz og premieutdelig - der eg vant prisen Soria's Kendall Jenner. Var utruleg kjekt å få oppmerksomheit av kollegaene mine på den måten, ettersom eg berre har jobba der i rett over eit halvt år. And I would like to thank my mom and dad for the opportunity... (I'm joking!)



 

Og her har dere bevis, berre slik at det ikkje kan falle dere inn at eg finne det på for å vere kul (og av ein eller anna grunn vil ikkje bildet rotere seg, og sidan eg er sjuk og slapp, så gidde eg ikkje å bry meg. Dere klarer å lese kva som står på arket). No skal eg fortsette å ligge på sofaen å nyse, hoste og klage til M, så skrivast seinare.

 

Adios muchachos!
Julie.

 

90 MINUTES

Det at eg skulle få 5 timars søvn i natt? Det skjedde ikkje. I staden for vart det berre 90 minutt med Ole Lukkøye. Heldigvis kom eg meg opp og rakk jobben utan problem. Eller, eg var ganske trøtt, sliten, og irritert på meg sjølv 10 minutt etter at eg våkna, men det gjekk fint etter dei første timane hadde passert. No har eg vert heime i ein liten stund, men skal straks ut døra - for å reise på trening. Skjønner ikkje at eg orkar, haha! Intensiteten i treningsøkta blir nok så som så, men litt er betre enn ingenting. Etterpå blir det å ete middag på Dinner Bar & Restaurant med M. Maten der er så sinssjukt god, så ein kan mildt sagt sei at eg gleder meg! Har ikkje heilt bestemt oss for kva vi skal ete endå; om det blir crispy duck (trur det faktisk er ein av yndlingsrettane mine), eller noko anna på menyen gjenstår å sjå.

Processed with VSCO with hb1 preset

 

Så for at M skal sleppe å vente på at eg skal bli ferdig med å pakke treningsbagen, så får eg runde av innlegget her. Håper dere alle koser dere i massevis i kveld! Snart helg ;);)

 

Have fun, enjoy life!
Julie.

GOD KVELD FRÅ STUA

Plutselig har det gått 5 dagar sidan eg har skrevet noko her. Er det latskap, eller er på grunn av mangel av noko å skrive om? Kven veit (er ganske sikker på at det er latskap, då)! Eg må stå opp klokka 05:45, så eg burde ha lagt meg allereie, men klarer aldri å legge meg rett etter jobb. No blir det å sjå på Modern Family å ete favoritt sjokoladen min, som eg endeleg fant etter at eg trudde at dei ikkje solgte den lenger. A joyful day indeed!

No blir det å legge seg ned i senga å prøve å sove.. For å så stå opp om 5 timar. Wish me luck!

 

Nattinatt,
Julie.

 

 

NEW HAIRCUT

Då eg vakna klokka 05:45 i dag tidleg, var eg forberedt på ein lang arbeidsdag - eit dobbelskift. Dei første 8 timane gjekk forbi, og då det første skiftet var over, fekk eg vete at det ikkje var behov for å ha meg der. Ettersom eg berre fekk 1 time søvn i natt, så vart eg ganske glad for å få den beskjeden! Då eg kom heim vart det å slenge seg rett ned i sofaen, skru på Netflix, for å så ta ein powernap på sofaen fram til M kom heim frå jobb. No sitter vi begge her, og eg truur eg kjem til å legge meg ganske snart. Er fortsatt litt trøtt, for å seie det sånn!


Eit dårleg bilde av korleis hårfrisyren min vart på mandag! Det er ein asymetrisk bob, så den er ein del kortare på den andre sida (typ slutter rett under øret). Skal prøve å få tatt eit skikkelig bilde!
 

I morgon er det jobb igjen, men begynner ikkje før 15:00, så kan sove heilt til klokka 12:00 om eg ønsker det. Tviler på at eg kjem til å sove så lenge, men er greitt å ha tilbodet om eg ønsker det. Søvn <3<3

 

God natt!
Julie.

GOING TO THE GYM

God morgen! M og eg har allereie vore oppe frå senga i to timar, og så straks vi er klare, så skal vi reise på trening. Igjen. Vi var nemleg på trening i går etter at eg var ferdig med å klippe håret mitt, og det er godt å vere tilbake! I dag skal vi få klemt inn ein treningsøkt (trur det blir kondisjon for min del) før eg skal på jobb klokka 14:00, så det virker som om vi allereie er inne i eit godt mønster (bank i bordet!).

Når treningsøkta er ferdig, så skal eg på jobb, mens M skal reise på ein liten to-dagers-tur. Det kjem til å bli så utruleg uvant å vere aleine i leilegheita, men blir sikkert litt godt, ettersom eg svært sjeldent får aleinetid.

PS: har ikkje får tatt eit bilde av den nye hårfrisyren endå, men skal vise dere seinare!

Julie.

 

SLAGPLAN

Då har eg endeleg kjøpt treningsabonnement, så no holder eg på å lage ein slagplan for treningsøktane mine framover. Denne gangen skal eg fokusere på kondisjon. Har alltid hata det tidligare, men då eg var hos frisøren i går, så leste eg ein artikkel i Shape Up som motiverte meg til å pushe meg gjennom ubehaget ved å trene kondisjon (og styrke). Einaste "problemet" (det er eigentleg ikkje eit problem) er at eg må få tid til all treninga ved sidan av jobb - men det løyse eg fort med å berre stå opp tidligare. Fortsatt litt ork. Men men. Blir verdt det (seier ho mens ho gaflar i seg chips).

Processed with VSCOcam with p5 preset
Gammalt bilde fordi eg ikkje orke å ta eit nytt. Pardon!
 

Ellers så har M og eg bestilt billetter til Watsky i oktober!!!! Blir sjukt å endeleg få sjå han live, ettersom eg han vore fan av han i + - 5 år. Sjukaste, flinkaste og beste rapparen. Vil påstå at han er på linje med Eminem. Så flink er han. Har nokre av dere høyrd om han før, eller skal på konserten?

No blir det å drikke opp dagens første kaffikopp, så å få orden på utsjåanaden før eg bevege meg ut døra for å reise på jobb.



Tjallabais!

Julie.

 

NEW HAIR

Håret vart farga, vaska og styla før eg fekk tida til å komme innom å skrive igjen (det var nemleg litt for koselig å prate med frisørane og dei andre kundane). Det vart ikkje store forandringa, men no har håret mitt ein 'mild' metallisk-fiolett farge. Utruleg fint med andre ord. No ser eg fram til mandag, når eg skal klippe håret mitt. Det er så kjedelig og uoriginalt for tida (før eg farga håret mitt, vel å merke), så forhåpentlegvis kjem dei flinke frisørane i Nikita sitt Creative Team opp med ein fin løsning.

Julie.

I GOT STAMINA


Fant denne sangen i natt før eg la meg, og for å seie det sånn - eg høyrde på den ganske så mange gange før eg faktisk sovna. No holder eg på å gjere meg klar for å gå ut døra, for om berre ein time skal eg vere hårmodell for Nikita. I første omgang blir det å farge håret, så blir det å klippe håret den 12. Blir godt med litt forandring! Kjem til å komme innom å skrive nokre ord når eg sitter i stolen.

Elsker denne sangen ikkje berre fordi den er utruleg fengande, men også på grunn av kva den er ein hyllest til.
Alle burde vere frie til å vere den dei vil.


Julie.

LAN & DRINKS

God kveld!

Ettersom eg ikkje har så ofte fri, hadde M og eg allereie bestemt oss då vi våkna i går at i dag skulle vi virkelig kose oss. Og det gjorde vi. Starta med å ete Cripsy Duck på Niwa til brunch, for å så gå rundt på CC Vest der vi såg på mykje forskjellig.


Crispy duck er så utruleg godt!

Eg fant ein bukse (som er ufattelig komfortabel) og M fant seg ein gensar. Vi var litt usikre på kva vi skulle gjere resten av dagen, så då kom vi på noko som vi sa vi skulle gjere for ein stund sida; ha LAN. To kilo med godteri, mojitos, og junk food vart inntatt og eg synst allereie synd på huda mi som kjem til å merke kva dietten har gått i. Men vi har kost oss, så er verdt det.

Vi la oss rundt sju i dag tidleg og våkna rundt klokka tre. Fekk litt dårleg samvittigheit, for hadde o så store planar om å starte å våkne klokka sju om morningen kvar dag, reise på trening med ein smoothie i handa og vere klar til å reise på jobb med mykje energi og positiv holdning. Får utsette det ein dag.


A rare picture of J & M appeared!

No blir det å lage middag/nattmat. Har berre fått i meg ein stor skål med frukostblanding sidan eg stod opp, som var for 5 timar sidan. Get your act together, Jules!

 

Virtual hugz,
Julie.

 

 

WORKING HARD, WORKING LATE

Etter over 7 timar på jobb, ein bil- og busstur er eg endeleg heime etter jobb. M har allereie lagt seg og sover tungt, og det ikkje er så lenge til eg ligge under dyna óg. Fra og med i morgon har eg to dagar fri på rad, noko som er utruleg sjeldent desse dagar. Så dei dagane skal eg nyte! Har eit outfit eg har lyst til å vise dere, så tenker at ein av dei dagane tar eg bilder av det og legger det ut her.


 

Enn så lenge blir det med dette bildet. Men no er eg svolten. Såg at det ligger kyllingvinger i kjøleskapet, så trur eg hive dei i omnen, ete dei og tar kvelden. For eit liv, folkens.

Nyt dagen,
Julie.

DREAMSPACE





 

∗   ∗   ∗   ∗

Den dagen eg skal bygge mitt eige hus folkens.. Så pirkete som eg er, kjem det til å vere eit mareritt å samarbeide med meg, haha! Har så mange idéar og tankar om korleis det skal sjå ut. Hjelper ikkje så særleg at eg er så sta. Forhåpentlegvis har eg blitt flinkare til å inngå komprimiss innan då.

 

Ha ein fin kveld vidare!
Julie.

LATE NIGHT CHECK IN

God aften!

Kom inn døra til leilegheita for, tja, 20 minutt siden. Takka vere snille venner så kom eg meg heilt heim, ettersom eg ikkje rakk den siste bussen. Så no blir det å slappe av, drikke vatn og spele litt COD før eg legger meg. Fekk nettopp melding frå ein kollega at gjestane vi skal servere i morgon kjem tidligare enn forventa, så då må eg stå opp klokka 09:45.. som er om 8 timer og 45 minutt. Jaja. Kan vere våken i 45 minutt til, så får eg prøve å legge meg. Burde kanskje ikkje tatt den kaffikoppen som eg tok for berre 2 timar siden..

God natt!
Julie.

 

STRAIGHT UP CHILLIN'

Eg starta dagen med å stå opp klokka 09 for å reise på jobb, berre for å komme dit, jobbe litt, for å så oppdage at eg hadde fri. Sidan eg er så kul og snill og grei og sånt, så hjalp eg til litt til, for å så reise heim. No sitter eg her og ser på Gossip Girl og skriver. Om ein episode skal eg på butikken for å handle inn ingredienser for taco. Om ein er i tvil om kva ein skal ha til middag, så er taco aldri feil.

Casually posere ilag med favoritt foundationen min fordi eg ikkje har så mykje betre å gjere på.

No er det berre 20 minutt til eg burde gå å handle mat, sjølv om beina mine ikkje er så samarbeidsvillige til å bære meg ut av sofaen. Men, må ein, så må ein.

 

Hallo september!
Julie.

OVERSHOOT DAY

Føle kvar gang eg skrive noko her, så nemner eg alltid jobb. Men ettersom eg jobbar så mykje som eg gjer, så blir det heilt naturleg for meg å skrive det.

I dag skulle eg eigentleg jobbe i baren på takterassen, men ettersom vêret ikkje er så bra, så fekk eg ta fri. Noko som eg er glad for, for i kveld skal M, B, og eg på kino for å sjå Mad Dogs. Har sett traileren og den virker utruleg bra. Fram til det er tid for å gjere seg klar, er eg aleine i leilegheita og ser på Gossip Girl. Ettersom kva eg gjer på er ganske uinteressant, så vil eg heller skrive om noko som eg er opptatt av.


ph: Frida Sverdrup (♥)

Dere har sikkert lest om det - Earth Overshoot Day. Dagen då mennesker har brukt opp alle ressursane jorda hadde for det året. I år var dagen 8.august. 4 månader før det eigentleg burde. Det er skremmande å tenke på, ettersom dette er ressurser som vi eigentleg skal bruke opp i løpet av minst eitt år. Sophie Elise skreiv om det på sin blogg (noko som eg synst var utruleg bra gjort, ettersom ho kan nå ut til så mange). Så då prøver eg å bidra litt eg og.
Trykk her for å lese om korleis du kan leve for å hjelpe planeten vår.

 

Julie.

 

FALSIES

<a href="http://www.bloglovin.com/blog/18226249/?claim=xw2fye3e7kp">Follow my blog with Bloglovin</a>

Ser ein bort frå ein onsdag og ein søndag, så jobbar eg kvar dag resten av månaden. Slik blir det når ein har to jobbar. Men eg er ganske heldig med arbeidsplassane mine då; kjekke kollegaer, utruleg god mat til lunch og hyggelige gjestar. Så kan eigentleg ikkje klage.

Det eg har gledd meg til i ein stund no endeleg skjedd - eg har begynt med løsvipper! Så mykje betre enn å bruke 5 minutt på å ta på maskara der ein eigentleg ikkje blir fornøgd med sluttresultatet. Trur ein trygt kan sei at det blir leeenge til eg brukar maskara igjen. I dag tok eg de på for 5. eller 6. gang, og no klarer eg å ta de på utan store feil. Har lært meg at pinsett er the shit når ein skal sette dei på.

Processed with VSCO with hb1 preset

I dag skjedde det til og med noko som aldri skjer - eg fekk kompliment av to grupper med mennesker som var på hotellet! Eg veljer å tru at det var pga. augevippane. Gliste sjølvsagt noko så jævlig. Visst nokon lure på kva for nokre vipper eg brukar, så er det Ardell 113 i black! Kjøpte ein 3-pack på eBay for kanskje 150kr. EBay er fantastisk.

 

Virtual hugz,
Julie.

HAN STJAL VESKA MI

Amsterdam er ein fantastisk by som eg garantert kjem til å besøke igjen. Sjarmerande, skeive bygningar, koselige kanalar og unike, små butikkar rundt kvart einaste hjørne. Vi holdt oss hovudsakleg til vestsiden av A-town, noko som vi fant ut var kanskje den mest sjarmerande kanten av byen.


 

Men til det tittelen handlar om. Det var berre ca. 8 timar til flyet vårt skulle lette, vi var allereie sjekka ut ifrå hotellet og alt var klart. Så vi bestemte oss for å slappe av og nyte atmosfæren i ein restaurant som hadde store, opne vindauget ut mot ein travel gate på Leidseplein. Det var ikkje så mange mennesker i restauranten heller, så vi slappa av og prata løst om alt og ingenting. Etter ein stund måtte eg på toalettet, og då eg kom tilbake såg eg at veska mi ikkje hang der den skulle. Så eg såg meg kjapt - men grundig - rundt, men veska var ingenplass å finne. Så eg spurte dei ansatte om dei hadde sett noko. Dei sa nei, men at dei kunne sjekke overvåkningskamera. Etter 20 nervepirrande minutt kom dei tilbake med beskjeden at ja, dei kunne bekrefte at ein mann som hadde gått forbi hadde tatt veska. Eg, mildt sagt, freaka ut. Alt det viktigaste lå oppi veska. Passene til både M og meg, lommeboka mi og andre små duppeditta som eg holdt kjær. Vi gjekk til politiet, fekk politirapport på alt som var stjålet, for å så seie ifrå til foreldre om det som hadde skjedd.

ca. sånn såg eg ut etter over ein time på politistasjonen. Ting tar tid..
 

Etter ein stund fekk vi nyss om at vi kunne komme oss på flyet vårt alikevel. Så då tok vi all bagasjen vår, spurta (nesten) mot togstasjonen og reiste inn til flyplassen. Etter ein prat med ei veldig hjelpsom og hyggelig kvinne som jobba der, fekk vi bekreftelsen på at vi kunne ta flyet vårt heim som planlagt. Og det var historien om korleis eg kom meg til Norge utan nokon form for identifikasjon.

 

Holder dei små detaljane skjulte, av openbare grunnar. Men ja.. Røff siste dag i Amsterdam! Men alt i alt har eg kost meg utruleg mykje, og eg har lært meg kor heldig eg er som har M. Hadde det ikkje vore for han, så hadde eg nok ikkje kome meg ut av restauranten pga. sjokket. Så om han leser dette, tusen takk ♥ 

Les mer i arkivet » Mai 2017 » November 2016 » Oktober 2016






Søk i bloggen




Follow
hits