HAN STJAL VESKA MI

Amsterdam er ein fantastisk by som eg garantert kjem til å besøke igjen. Sjarmerande, skeive bygningar, koselige kanalar og unike, små butikkar rundt kvart einaste hjørne. Vi holdt oss hovudsakleg til vestsiden av A-town, noko som vi fant ut var kanskje den mest sjarmerande kanten av byen.


 

Men til det tittelen handlar om. Det var berre ca. 8 timar til flyet vårt skulle lette, vi var allereie sjekka ut ifrå hotellet og alt var klart. Så vi bestemte oss for å slappe av og nyte atmosfæren i ein restaurant som hadde store, opne vindauget ut mot ein travel gate på Leidseplein. Det var ikkje så mange mennesker i restauranten heller, så vi slappa av og prata løst om alt og ingenting. Etter ein stund måtte eg på toalettet, og då eg kom tilbake såg eg at veska mi ikkje hang der den skulle. Så eg såg meg kjapt - men grundig - rundt, men veska var ingenplass å finne. Så eg spurte dei ansatte om dei hadde sett noko. Dei sa nei, men at dei kunne sjekke overvåkningskamera. Etter 20 nervepirrande minutt kom dei tilbake med beskjeden at ja, dei kunne bekrefte at ein mann som hadde gått forbi hadde tatt veska. Eg, mildt sagt, freaka ut. Alt det viktigaste lå oppi veska. Passene til både M og meg, lommeboka mi og andre små duppeditta som eg holdt kjær. Vi gjekk til politiet, fekk politirapport på alt som var stjålet, for å så seie ifrå til foreldre om det som hadde skjedd.

ca. sånn såg eg ut etter over ein time på politistasjonen. Ting tar tid..
 

Etter ein stund fekk vi nyss om at vi kunne komme oss på flyet vårt alikevel. Så då tok vi all bagasjen vår, spurta (nesten) mot togstasjonen og reiste inn til flyplassen. Etter ein prat med ei veldig hjelpsom og hyggelig kvinne som jobba der, fekk vi bekreftelsen på at vi kunne ta flyet vårt heim som planlagt. Og det var historien om korleis eg kom meg til Norge utan nokon form for identifikasjon.

 

Holder dei små detaljane skjulte, av openbare grunnar. Men ja.. Røff siste dag i Amsterdam! Men alt i alt har eg kost meg utruleg mykje, og eg har lært meg kor heldig eg er som har M. Hadde det ikkje vore for han, så hadde eg nok ikkje kome meg ut av restauranten pga. sjokket. Så om han leser dette, tusen takk ♥ 

2 kommentarer

Camilla

17.08.2016 kl.11:13

Så ufattelig kjedelig hendelse! Men godt dere fikk hjelpen dere trengte, og kom dere trygt hjem<3

Ada.

17.08.2016 kl.12:09

Ååå, det må være en forferdelig følelse. Og veldig skremmende at det kan plutselig skje! :/

Skriv en ny kommentar

hits