FALSIES

<a href="http://www.bloglovin.com/blog/18226249/?claim=xw2fye3e7kp">Follow my blog with Bloglovin</a>

Ser ein bort frå ein onsdag og ein søndag, så jobbar eg kvar dag resten av månaden. Slik blir det når ein har to jobbar. Men eg er ganske heldig med arbeidsplassane mine då; kjekke kollegaer, utruleg god mat til lunch og hyggelige gjestar. Så kan eigentleg ikkje klage.

Det eg har gledd meg til i ein stund no endeleg skjedd - eg har begynt med løsvipper! Så mykje betre enn å bruke 5 minutt på å ta på maskara der ein eigentleg ikkje blir fornøgd med sluttresultatet. Trur ein trygt kan sei at det blir leeenge til eg brukar maskara igjen. I dag tok eg de på for 5. eller 6. gang, og no klarer eg å ta de på utan store feil. Har lært meg at pinsett er the shit når ein skal sette dei på.

Processed with VSCO with hb1 preset

I dag skjedde det til og med noko som aldri skjer - eg fekk kompliment av to grupper med mennesker som var på hotellet! Eg veljer å tru at det var pga. augevippane. Gliste sjølvsagt noko så jævlig. Visst nokon lure på kva for nokre vipper eg brukar, så er det Ardell 113 i black! Kjøpte ein 3-pack på eBay for kanskje 150kr. EBay er fantastisk.

 

Virtual hugz,
Julie.

Én kommentar

Janne

19.08.2016 kl.15:12

det var sikkert pga øyevippene, fin er du værtfall!

Skriv en ny kommentar

hits