LAN & DRINKS

God kveld!

Ettersom eg ikkje har så ofte fri, hadde M og eg allereie bestemt oss då vi våkna i går at i dag skulle vi virkelig kose oss. Og det gjorde vi. Starta med å ete Cripsy Duck på Niwa til brunch, for å så gå rundt på CC Vest der vi såg på mykje forskjellig.


Crispy duck er så utruleg godt!

Eg fant ein bukse (som er ufattelig komfortabel) og M fant seg ein gensar. Vi var litt usikre på kva vi skulle gjere resten av dagen, så då kom vi på noko som vi sa vi skulle gjere for ein stund sida; ha LAN. To kilo med godteri, mojitos, og junk food vart inntatt og eg synst allereie synd på huda mi som kjem til å merke kva dietten har gått i. Men vi har kost oss, så er verdt det.

Vi la oss rundt sju i dag tidleg og våkna rundt klokka tre. Fekk litt dårleg samvittigheit, for hadde o så store planar om å starte å våkne klokka sju om morningen kvar dag, reise på trening med ein smoothie i handa og vere klar til å reise på jobb med mykje energi og positiv holdning. Får utsette det ein dag.


A rare picture of J & M appeared!

No blir det å lage middag/nattmat. Har berre fått i meg ein stor skål med frukostblanding sidan eg stod opp, som var for 5 timar sidan. Get your act together, Jules!

 

Virtual hugz,
Julie.

 

 

Én kommentar

Henriette Celin

08.09.2016 kl.08:28

Så fine planer dere hadde! kjekt å utnytte fridagen sin til det fulle ^^

Skriv en ny kommentar

hits