SLAGPLAN

Då har eg endeleg kjøpt treningsabonnement, så no holder eg på å lage ein slagplan for treningsøktane mine framover. Denne gangen skal eg fokusere på kondisjon. Har alltid hata det tidligare, men då eg var hos frisøren i går, så leste eg ein artikkel i Shape Up som motiverte meg til å pushe meg gjennom ubehaget ved å trene kondisjon (og styrke). Einaste "problemet" (det er eigentleg ikkje eit problem) er at eg må få tid til all treninga ved sidan av jobb - men det løyse eg fort med å berre stå opp tidligare. Fortsatt litt ork. Men men. Blir verdt det (seier ho mens ho gaflar i seg chips).

Processed with VSCOcam with p5 preset
Gammalt bilde fordi eg ikkje orke å ta eit nytt. Pardon!
 

Ellers så har M og eg bestilt billetter til Watsky i oktober!!!! Blir sjukt å endeleg få sjå han live, ettersom eg han vore fan av han i + - 5 år. Sjukaste, flinkaste og beste rapparen. Vil påstå at han er på linje med Eminem. Så flink er han. Har nokre av dere høyrd om han før, eller skal på konserten?

No blir det å drikke opp dagens første kaffikopp, så å få orden på utsjåanaden før eg bevege meg ut døra for å reise på jobb.



Tjallabais!

Julie.

 

2 kommentarer

Henriette Celin

10.09.2016 kl.16:54

Så bra, dette klarer du nok! bare stå på og prioriter tid til treningen, så går det nok ^^

fhlorest

11.09.2016 kl.00:27

Henriette Celin: Satser på det! :D

Skriv en ny kommentar

hits