NEW HAIRCUT

Då eg vakna klokka 05:45 i dag tidleg, var eg forberedt på ein lang arbeidsdag - eit dobbelskift. Dei første 8 timane gjekk forbi, og då det første skiftet var over, fekk eg vete at det ikkje var behov for å ha meg der. Ettersom eg berre fekk 1 time søvn i natt, så vart eg ganske glad for å få den beskjeden! Då eg kom heim vart det å slenge seg rett ned i sofaen, skru på Netflix, for å så ta ein powernap på sofaen fram til M kom heim frå jobb. No sitter vi begge her, og eg truur eg kjem til å legge meg ganske snart. Er fortsatt litt trøtt, for å seie det sånn!


Eit dårleg bilde av korleis hårfrisyren min vart på mandag! Det er ein asymetrisk bob, så den er ein del kortare på den andre sida (typ slutter rett under øret). Skal prøve å få tatt eit skikkelig bilde!
 

I morgon er det jobb igjen, men begynner ikkje før 15:00, så kan sove heilt til klokka 12:00 om eg ønsker det. Tviler på at eg kjem til å sove så lenge, men er greitt å ha tilbodet om eg ønsker det. Søvn <3<3

 

God natt!
Julie.

2 kommentarer

Celia Sari

16.09.2016 kl.01:49

Nice ;)

Henriette Celin

16.09.2016 kl.07:04

Stilig sveis! Og herlig å begynne seint og kunne sove lenge om man vil ;-)

Skriv en ny kommentar

hits