90 MINUTES

Det at eg skulle få 5 timars søvn i natt? Det skjedde ikkje. I staden for vart det berre 90 minutt med Ole Lukkøye. Heldigvis kom eg meg opp og rakk jobben utan problem. Eller, eg var ganske trøtt, sliten, og irritert på meg sjølv 10 minutt etter at eg våkna, men det gjekk fint etter dei første timane hadde passert. No har eg vert heime i ein liten stund, men skal straks ut døra - for å reise på trening. Skjønner ikkje at eg orkar, haha! Intensiteten i treningsøkta blir nok så som så, men litt er betre enn ingenting. Etterpå blir det å ete middag på Dinner Bar & Restaurant med M. Maten der er så sinssjukt god, så ein kan mildt sagt sei at eg gleder meg! Har ikkje heilt bestemt oss for kva vi skal ete endå; om det blir crispy duck (trur det faktisk er ein av yndlingsrettane mine), eller noko anna på menyen gjenstår å sjå.

Processed with VSCO with hb1 preset

 

Så for at M skal sleppe å vente på at eg skal bli ferdig med å pakke treningsbagen, så får eg runde av innlegget her. Håper dere alle koser dere i massevis i kveld! Snart helg ;);)

 

Have fun, enjoy life!
Julie.

5 kommentarer

Henriette Celin

21.09.2016 kl.17:52

Uff, så kjedelig at det ble såpass lite søvn på deg :-/

Du får kose deg ute på middag ^^

fhlorest

21.09.2016 kl.23:09

Henriette Celin: Var litt kjedelig ja, men gjekk heldigvis fint!
Koste meg i massevis :-D

Henriette Celin

21.09.2016 kl.23:19

SV: Så bra :-D

Julian

07.10.2016 kl.23:57

Minner meg om Kylie Minogue så sykt! :D

#separatedatbirth? ;)

fhlorest

08.10.2016 kl.00:46

Julian: Haha, du synst det? Tar det som eit kompliment :-D

Skriv en ny kommentar

hits