I DON'T EVEN KNOW WHAT TO TITLE THIS

Hællæ babes! No sitter/ligger eg i godstolen, eine handa nedi chips-posen, og den andre på tastaturet. Det er over ei veke til neste gang eg skal på jobb, ettersom eg skal heim å besøke mor mi (♥) på tirsdag (for ho har nemleg bursdag på torsdag). Gleder meg så utruleg mykje til å komme tilbake til vestlandet! Oslo er fint, men ikkje på laaangt nær så fint som fine heimbygda mi. Åh, hjertet mitt bobler bare eg tenke på plassen, haha!


ph: tumblr

Om M får bytta vakta han har på mandag, så får vi reist tidligare. Har allereie nemnt det til han to ganger i dag, så forhåpentlegvis tar han hintet snart. Ei heil veke i Sunnfjord hadde vore utruleg godt, både for kropp og sjel. Så vi får sjå korleis det går. Uansett, så reiser vi seinast tirsdag. Det er ein liten sjanse for at vi må ta buss (som tar 9 timar og 30 min...............), men forhåpentlegvis tar vi fly (som tar berre 50 min!!!!!!). Spenninga er til å ta og føle på. Men, no må eg nesten forsette med å late meg. Handa har vore ute av chipsposen i 5 minutt i tillegg, og det kan vi ikkje ha noko av! Så vi skrivast i morgon.

 

God natt!
Julie.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits