WAY BACK HOME

Vanlegvis skriver eg frå sofaen i den lille leilegheita til M og meg, men DENNE gangen folkens! Denne gangen skriver eg frå vestlandet. Vi kom fram i dag tidleg, etter 9 lange timar på nattbussen frå Oslo. Bror min henta oss på bussplassen, og då vi kom heim, så hadde mamma lagd klar ein fin frukost + masse kaffi (som det virkelig var behov for). Så fram til no har vi berre kost oss i kvarandre sitt selskap. Ein kan mildt sagt sei at det er godt å vere heime i lag med familien igjen, ettersom eg ikkje har vore her på eit halvt år. M og eg skal vere her til søndag, så fram til då blir det å finne på så mykje som vi kan; gå tur på fjellet, besøke venar som eg ellers ikkje får møtt, og sjølvsagt vere med familien. Obvs. Vi er begge ganske trøtte og slitne etter å ikkje ha fått sove noke særleg i heile natt, men er bestemte for at vi skal klare å få noko ut av dagen i dag likevel.


ph: privat // fant eit gaaaamalt bilete.. trur eg var typ 16-17 år her. Var flink til å redigere då!

 

No bestemte M seg for å ta seg ein powernap. Eg skulle gjerne ha tatt ein sjølv, men stolar ikkje på at vi begge klare å stå opp slik at vi ikkje kastar vekk heile dagen på å sove, haha. Ettersom eg er i barndoms soverommet mitt, så trur eg kjem til å bruke dei neste timane på å prøve gamle klede, mimre og berre generelt rote til rommet.

 

Og der gjekk den trøtte hjernen min tom for skrivestoff.

 

Ha ein fin dag!
Julie.

 

Én kommentar

Isabel Martinez

19.10.2016 kl.13:17

Så koselig å være hjemme igjen! Jeg håper du koser deg masse!

Skriv en ny kommentar

hits