@ THE APARTMENT

Haha, skriver berre mindre og mindre som tida går. Løfter blir oppgitt, men aldri holdt. Trur det er displinen det står på. Skylder på det. 

Den korte veka på vestlandet var utruleg fin; vere med familie, besøke venar og gå turar. Hadde mykje av det å ta igjen, ettersom det hadde gått eit halvt år sidan sist eg besøkte heimen. No skal eg heldigvis tilbake i jula, så då blir det ikkje så alt for lenge til eg får sjå folka igjen! Og sånn forresten, eg har fått ein modelljobb! Atter ein gang skal eg vere med i årskatalogen til Nikita. Det er ikkje før om litt under ein månad, men tida går fort, og plutseleg er dagen her. Hadde det så utruleg kjekt forrige gang, og er sikker på at det blir minst like moro denne gangen! Tenke å snappe fortløpande heile dagen, så om de har lyst til å sjå korleis det forgår, så kan de følge meg på snapchat. Brukarnamnet mitt står på sidebaren (til venstre). 

 

Vi sjåast!
Julie.

Én kommentar

Victoria Larsen

26.10.2016 kl.23:31

Gratulerer! Så moro :D

Skriv en ny kommentar

hits