WASTING TIME

Noke av det eg liker beste ved å ha fri, er å berre kaste vekk dagen på å gjere alt og ingenting. Spele dataspel, subbe rundt i tjukkelabbane (ullsokker, for de som ikkje skjønte det) og kanskje rydde om eg følar for det. Har eg fri, så har eg fri, am I right? Akkurat no er det Netflix-time i den lille leilegheita vår. Vi har sett så alt for mykje på Modern Family i det siste, så no har vi bytta det ut med The Inbetweeners (midlertidig). Visst ein er glad britisk og pervers humor, og den kleine tenåringstida, så er det ein home-run.


ph: tumblr

 

I morgon er det jobb, men begynner ikkje før klokka 15:00, så kan sove lenge ♥♥♥♥ Så fram til då blir det å spele litt meir på dataen, sjå litt meir på The Inbetweeners, og så kanskje legge meg om kanskje to timar. #yolo

 

Cheers!
Julie.

Én kommentar

Leah Isabell V

12.11.2016 kl.18:19

Er ikke alltid jeg er like fornuftig når jeg har fri selv. Noen dager er det bare så deilig å gjøre ingenting :D

Skriv en ny kommentar

hits