HEY-O

Kom på i dag at eg har ein blogg som det er eit halvt år siden sist eg skreiv noke på. Og boy, det har skjedd ein del siden då.

 

Den største forskjellen er at eg no er singel. Eg er no 22, og bur i eit kollektiv med ei søt jente som eg kjem sjukt godt overens med. Livet er fortsatt litt turbulent og dagane flyr forbi så fort at eg ikkje hugsar kva eg gjorde for eit par dagar sidan, fordi alt er ein stor blur. Mange nye mennesker, ting som skjer heile tida, og har knapt tid til å sette meg ned og reflektere over alt. Noke som er grunnen til at eg ønsker å skrive her igjen. Ein plass å skrive ned minner, legge ut bilder og, som sagt, reflektere.
 

Då eg har fortalt mennesker at eg berre er 22, så seier dei alltid at det er den beste tida. Ein er fri til å gjere alt, og ein kan virkeleg leve livet til det fulle. Kall det ung og uansvarleg. Sjølvsagt har eg fortsatt ansvar for å møte opp på jobb og prestere så godt som eg kan, men på fritida er det andre bollar. Men då kjem eg tilbake til det at alt berre følast som ein orkan og tida flyge så fort forbi. Veit ikkje heilt kor eg vil med dette og føle eg repetere meg sjølv. Kanskje berre lufte tankane litt. Men eg har vertfall eit budskap eg vil få fram - I'm back bitches (følte meg litt som Gossip Girl der pls don't judge me lol).

Virtual hugz,
Julie.


 

Les mer i arkivet » Mai 2017 » November 2016 » Oktober 2016






Søk i bloggen




Follow
hits