@ THE APARTMENT

Haha, skriver berre mindre og mindre som tida går. Løfter blir oppgitt, men aldri holdt. Trur det er displinen det står på. Skylder på det. 

Den korte veka på vestlandet var utruleg fin; vere med familie, besøke venar og gå turar. Hadde mykje av det å ta igjen, ettersom det hadde gått eit halvt år sidan sist eg besøkte heimen. No skal eg heldigvis tilbake i jula, så då blir det ikkje så alt for lenge til eg får sjå folka igjen! Og sånn forresten, eg har fått ein modelljobb! Atter ein gang skal eg vere med i årskatalogen til Nikita. Det er ikkje før om litt under ein månad, men tida går fort, og plutseleg er dagen her. Hadde det så utruleg kjekt forrige gang, og er sikker på at det blir minst like moro denne gangen! Tenke å snappe fortløpande heile dagen, så om de har lyst til å sjå korleis det forgår, så kan de følge meg på snapchat. Brukarnamnet mitt står på sidebaren (til venstre). 

 

Vi sjåast!
Julie.

WAY BACK HOME

Vanlegvis skriver eg frå sofaen i den lille leilegheita til M og meg, men DENNE gangen folkens! Denne gangen skriver eg frå vestlandet. Vi kom fram i dag tidleg, etter 9 lange timar på nattbussen frå Oslo. Bror min henta oss på bussplassen, og då vi kom heim, så hadde mamma lagd klar ein fin frukost + masse kaffi (som det virkelig var behov for). Så fram til no har vi berre kost oss i kvarandre sitt selskap. Ein kan mildt sagt sei at det er godt å vere heime i lag med familien igjen, ettersom eg ikkje har vore her på eit halvt år. M og eg skal vere her til søndag, så fram til då blir det å finne på så mykje som vi kan; gå tur på fjellet, besøke venar som eg ellers ikkje får møtt, og sjølvsagt vere med familien. Obvs. Vi er begge ganske trøtte og slitne etter å ikkje ha fått sove noke særleg i heile natt, men er bestemte for at vi skal klare å få noko ut av dagen i dag likevel.


ph: privat // fant eit gaaaamalt bilete.. trur eg var typ 16-17 år her. Var flink til å redigere då!

 

No bestemte M seg for å ta seg ein powernap. Eg skulle gjerne ha tatt ein sjølv, men stolar ikkje på at vi begge klare å stå opp slik at vi ikkje kastar vekk heile dagen på å sove, haha. Ettersom eg er i barndoms soverommet mitt, så trur eg kjem til å bruke dei neste timane på å prøve gamle klede, mimre og berre generelt rote til rommet.

 

Og der gjekk den trøtte hjernen min tom for skrivestoff.

 

Ha ein fin dag!
Julie.

 

I DON'T EVEN KNOW WHAT TO TITLE THIS

Hællæ babes! No sitter/ligger eg i godstolen, eine handa nedi chips-posen, og den andre på tastaturet. Det er over ei veke til neste gang eg skal på jobb, ettersom eg skal heim å besøke mor mi (♥) på tirsdag (for ho har nemleg bursdag på torsdag). Gleder meg så utruleg mykje til å komme tilbake til vestlandet! Oslo er fint, men ikkje på laaangt nær så fint som fine heimbygda mi. Åh, hjertet mitt bobler bare eg tenke på plassen, haha!


ph: tumblr

Om M får bytta vakta han har på mandag, så får vi reist tidligare. Har allereie nemnt det til han to ganger i dag, så forhåpentlegvis tar han hintet snart. Ei heil veke i Sunnfjord hadde vore utruleg godt, både for kropp og sjel. Så vi får sjå korleis det går. Uansett, så reiser vi seinast tirsdag. Det er ein liten sjanse for at vi må ta buss (som tar 9 timar og 30 min...............), men forhåpentlegvis tar vi fly (som tar berre 50 min!!!!!!). Spenninga er til å ta og føle på. Men, no må eg nesten forsette med å late meg. Handa har vore ute av chipsposen i 5 minutt i tillegg, og det kan vi ikkje ha noko av! Så vi skrivast i morgon.

 

God natt!
Julie.

HEI

For, tja, ei veke sidan kjøpte vi ein stasjonær data frå ein venn av M. Har alltid blogga frå MacBooken eg kjøpte då eg begynte på VGS (som er 6 år sidan.. tida flyr!), så er veldig uvant. Men change is good!



 

Vi får besøk av ein venn som skal sove her eit par dagar, så trur det var motivasjonen vi trengte for å endeleg rydde leilegheita (som det var veldig behov for). 

No må eg nesten hjelpe M med middagen, for no er besøket vårt straks utanfor døra. Kortaste innlegget evah, men får holde!



Tjallabais!
Julie.

KONSERT: T-21

I morgon skal M og eg på konsert. Eller, det er faktisk ein liten sjanse for at det blir M og ein kompis som reiser i staden for, ettersom eg gløymde heilt at konserten er i morgon - for eg er nemleg satt opp på jobb. Så med mindre eitt eller anna mirakel skjer, så går eg glipp av konserten :(:( lite kult, ettersom det er ein artist eg har vore fan av i 5-6 år.


ph: tumblr
 

In other news, så har eg fått M med på å prøve ein vegetariansk/vegansk diett! Han har gått med på å gje Oumph! sine produkt eit realt forsøk, så forhåpentlegvis smaker det godt nok (noko som eg trur det kjem til å gjere, så god tilbakemelding som det har fått). For sjølv om eg hadde blitt vegetarianar/veganar, så hadde det at M holdt på ein "normal" diett, gjort det litt vanskeligare. Så fingers crossed! Eg har allereie fått han til å bytte til soyamelk, som berre er ein brøkdel, men fortsatt ein liten seier.

 

Julie.

LUNCH @ DINNER

Like ikkje at det går meir enn to dagar utan at eg får skrevet noko her, og no har det til og med gått ei heil veke. Eg har jo til og med hatt fri (både i dag og i går), så har ingen unnskyldning, sånn sett. Å gå glipp av ein dag går fint, ein gang i blant, men går det over to, så begynner det faktisk å plage meg litt. Føler det er litt teit å seie det, men ja, når ein er ein perfeksjonist, så er det litt vanskelig å la det gå, haha.

Processed with VSCO with hb1 preset
Bilde frå då M og eg var på Dinner Bar & Restaurant i går, der vi åt crispy duck. Favoritt retten min!

∗   ∗   ∗

I dag blir det å reise på treningssenteret, ha ein god økt, for å så reise heim for å rydde leilegheita. It looks like shit. Neida. Joda. Blir godt å få rydda, for å seie det sånn. Etter at eg har vore flink og produktiv, så blir det å kaste vekk resten av dagen på sofaen, drikke cola zero, spele dataspel og å sjå på Netflix. Fint liv. Skal begynne å forberede eit innlegg om samlinga mi av koreansk kosmetikk. Har berre to produkt at the moment, så venter til eg får produkta som eg bestilte i går, som eg tipper blir om ca. ei veke.

Dette var tidenes mest uinteressante innlegg. Snakkast!

 

Julie.

 

Les mer i arkivet » Mai 2017 » November 2016 » Oktober 2016






Søk i bloggen




Follow
hits