THANK GOD MONDAY IS GONE,

HAPPY TUESDAY!

 

Då eg vakna i dag tidleg, så tenkte eg at fridagen min kom til å gå slik som den vanlegvis gjer; sitte i favoritt joggebuksa, game og drikke masse kaffi, men eg fekk faktisk gjort litt i dag! Eg starta dagen med ein stor kopp kaffi (sjølvsagt) og serien You're the Worst, men etter det tok eg turen til helsestasjonen for å ta HPV-vaksinen (link). Planen var eigentleg å ta den med ein gang det vart tilgjengeleg (som var 1.november), men ettersom eg hatar sprøyter, så har eg utsatt og utsatt det. MEN eg vakna i eit usedvanleg godt humør i dag, så tenkte it's today or never. Så ja, då har eg tatt første vaksinen av 3. Armen som sprøyta vart satt i er litt sleten kjenner eg, men er sjølvsagt verdt det.

Processed with VSCO with a6 preset

Processed with VSCO with a6 preset
ph: privat

 

No har eg handla inn ein vegansk middag som berre tar typ 10 minutt totalt å lage, men venter litt til med å lage den, slik at den fortsatt er heilt frisk og god til M kjem heim frå jobb. Burde eigentleg rydde leilegheita og bruke tida fornufteg, men brukar den ømme armen min som ein unnskyldning for å vere lat. Tenker å dele oppskrifta her på bloggen, men må nesten smake retten først, slik at eg veit om den er god eller ikkje, haha.



Wish me good luck!
Julie.

 

SUNDAZE

1 minutt til det ikkje er søndag lenger, så får skrive kjapt. Har ikkje vore heime sidan i går, ettersom eg var barvakt i går og sov på hotellet. Kom inn døra for 10 minutt sidan, og M har vore snill å laga fiskepinner og potetmos til "middag". No er det å slappe av framfor TV-en, ta av seg sokkane og slacke. Skal på jobb igjen i morgon (for eit spanande liv eg har!) så må legge meg om ikkje aaalt for lenge (men er fortsatt nokre timar til eg legger meg under dyna, eheh). Så til de som leser dette når eg posta innlegget får ha ei god natt, mens de som leser dette på dagtid, får ha ein finfin dag!



Take care,
Julie.



 

WASTING TIME

Noke av det eg liker beste ved å ha fri, er å berre kaste vekk dagen på å gjere alt og ingenting. Spele dataspel, subbe rundt i tjukkelabbane (ullsokker, for de som ikkje skjønte det) og kanskje rydde om eg følar for det. Har eg fri, så har eg fri, am I right? Akkurat no er det Netflix-time i den lille leilegheita vår. Vi har sett så alt for mykje på Modern Family i det siste, så no har vi bytta det ut med The Inbetweeners (midlertidig). Visst ein er glad britisk og pervers humor, og den kleine tenåringstida, så er det ein home-run.


ph: tumblr

 

I morgon er det jobb, men begynner ikkje før klokka 15:00, så kan sove lenge ♥♥♥♥ Så fram til då blir det å spele litt meir på dataen, sjå litt meir på The Inbetweeners, og så kanskje legge meg om kanskje to timar. #yolo

 

Cheers!
Julie.

UH-OH, SPAGHETTI-O'S

 

M: Valget i USA er over.
J: (i halvsøvne) Åja? Kem vant?
M: Trump.
J: .. Herregud, for ei verd vi leve i.

 

Så då er altså reality-stjernen Trump blitt valgt til president i USA. Eg, som sikkert dei aller fleste, er ganske spente på dei neste fire åra, og skal eg vere ærleg, så er eg litt glad for at Trump vant. Hillary er korrupt som berre fy (ho har gjort mykje shady shit gjennom åra) og hadde gjort mykje bak kulissane, og hugs at Trump må gjennom kongressen (som består av 535 menneskjer) for å faktisk få gjort store endringar. Han er ein bajas, og dei veit det. Eg kjem sikkert til å få hate for å skrive dette, ettersom fleirtalet ville at Hillary skulle vinne. Dette er det eg kjem til å skrive om temaet akkurat no, ettersom folk alltid blir så fired up av å snakke om politikk.



 

Til de som trenger litt oppmuntring, så anbefaler eg å lese dette intervjuet av Adele gjort av Vanity Fair. Opent, morsomt, rått og fint. Perfekt å la tankane forsvinne litt i.

 

Nyt dagen!
Julie.

HEY HEY HEY!

Hei, hugsar de meg? Det er "berre" to veker sidan sist eg skreiv noko, men det følast som om det har gått 2 år. Eg tenkjer på bloggen i ny og ne. Kva eg vil skrive. Kva eg vil dele.. Jobb tar opp så mykje av tida mi, at eg sjeldan har tid til hobbyane eg hadde før. Kameraet mitt har lege på hylla, urørt, alt for lenge. Fekk så mykje oppmuntring av nære og framande menneskjer om å fortsette med fotograferinga mi (ikkje meininga å gloate).  Eg har også lyst til å satse på modell-yrket, men føler meg ikkje bra nok. Eg har blitt flinkare til å lese bøker og tegne igjen då, så eg har det gåande for meg! Ugh. Der fekk eg sånn 2% ut. Trur eg slepper alt ut i små doser.


ph: my tumblr

 

SÅ. Eg kom heim frå jobb omtrent ein halvtime sidan. M ligger å sove, og ettersom klokka allereie er så mykje, så har eg ikkje samvittigheit til å vekkje han. Enn så lenge holder serien Fresh Meat og sjokoladeflarn meg med selskap. Trur eg legger meg når eg har ete opp heile boksen.

 

Natta!
Julie.

Les mer i arkivet » Mai 2017 » November 2016 » Oktober 2016






Søk i bloggen




Follow
hits